Burma

Verdsdel: Asia
Hovudstad: Naypyidaw
Innbyggjartal: 53,9 mill
Styresett: Diktatur
Religion: Buddhister 89%, kristne 4%, muslimar 4%, animistar 1&, andre/ingen 2%






Burma(også kalla Myanmar) vert styrt diktatorisk av ein militærjunta beståande av 12 generalar i Det statlege råd for fred og utvikling(SPDC). Denne juntaen har hatt makta sidan dei kuppa landet i 1988.

Mediesystem:
Burma har eit diktatorisk mediesystem. Media i landet vert kontrollerte av militærjuntaen og utsett for sensur og reguleringar. Grunnlova deira seier at det skal vere ytringsfridom og pressefridom i landet, men makthavarane hindrar at desse rettane vert haldne i praksis. ("Media of Burma"). På Reporters without borders sine nettsider kan ein lese at Burma var på 174 plass av 178 på rankingen over pressefridomsideksane i verda i 2010, der 0 vil seie total pressefridom. Dette seier mykje om korleis tilstaden for media er i dette landet. Einkvar journalist som bryt reglane eller publiserer ei sak som er kritisk til eller er imot meininga til juntaen, vert straffa for det, ofte med fengsel("Internet Enemies, Burma").


Alle avisartiklane må gå gjennom sensur før dei kan publiserast. På tross av desse lovene som pressa må rette seg etter, så fins det eit mangfald av publikasjonar som er tilgjengelege. Det fins mange ulike magasin, som er mindre påvirka av desse lovene, sidan mange unngår å diskutere den politiske situasjonen. I alt er det 187 magasin og aviser som kjem ut kvar veke som er registrert i the Ministry of Information.("Media of Burma").
Det er 7 TV stasjonar i Burma, der MTV 1 og MTV 2 er hovudkanalane. TV- innslaga viser som regel medlem av militæret som gjer gode gjerningar. Ein av kanalane som staten har oppretta er MRTV, MRTV-3 er ein engelskspråkeleg kanal som har internasjonale sjåarar som målgruppe. Under protestane i Burma i 2007, vart denne kanalen brukt til å vise saker som var kritiske til utanlandske media, for å dekkje over protestane, og prøvde å få folk til å verte kritiske til det dei fekk høyre om protestane på andre kanalar. Satelitt TV er ulovleg, men det er ein del inbyggjarar som ser på det uansett.("Media of Burma").













Radio Myanmar og City FM er hovudradiostasjonane i Burma. Radio Myanmar byrjar dagleg med meldingar frå staten. Radiokanalane spelar lite utanlandsk musikk. Men andre, lokale radiostasjonar spelar internasjonale sangar, som er spelt inn på burmesisk. Sjølv om radioinnslaga blir høyrt av militærjuntaen, så fins det usensurert informasjon fra for eksempel BBC og Democratic Voice of Burma(Oslo, Norge) tilgjengeleg på radioar som er smugla inn i landet. Mange som har blitt oppdaga medan dei har høyrt på dette, har vorte arresterte, men det er ei god kjelde til informasjon for mange. Det er berre 10% av befolkninga som har tilgang til internett og radio, difor har ikkje desse media så mykje å seie for innbyggjarane i sin heilheit.("Media of Burma").








censor-this-cunt.jpeg
I Burma er det 1 datamaskin i bruk per 100 innbyggjar, og det er 0,2 internettbrukarar per 100 innbyggjar. Internett er strengt kontrollert i landet, styresettet driv ei aktiv sensurering, der dei blokkerer tilgangen til websider som er kritske til juntaen og sider som tilhøyrer utanladske media. I tillegg blokkerer dei bloggar eller internettsider som tilbyr stipend eller muligheiter til å studere i utlandet. ("Internet Enemies, Burma"). For å kunne eige ein data eller anna elektronisk utstyr, som gjer deg i stand til å skaffe deg informasjon frå "utsida", så må du som regel få godkjenning frå makthavarane. ("Media of Burma"). Burma står på lista over verdas største internett fiendar i 2010 som er blitt sett opp av Reporters without borders. Det viser seg at berre 118 av landets 12, 284 IP-addresser har tilgang til verdsnettet. Likevel er talet på bloggarar i landet på veg oppover. For å oppfordre til vidare blogging deler Reporters Without Borders and the Burma Media Assosiation ut årlige prisar til Burma sine beste bloggarar. ("Internet Enemies, Burma"). 








Som ein kan skjøne ut ifrå all denne informasjonen får innbyggjarane veldig lite informasjon om omverda. Dei fleste har ikkje tilgang til dagens beste informasjonskjelde, nemleg internett og om dei har det, kan dei ikkje lese akkurat det dei vil, dei får berre einavgrensa tilgang på informasjon. Dette kan gjere at mange av dei får eit forvrengt verdsbilete, og dei vert ståande utanfor verdsfellesskapet og den globale marknaden som globaliseringa har skapt dei siste åra. Innbyggjarane manglar informasjon om menneskerettar, andre land og deira styre, dei får ikkje ha kontakt med kven dei vil, dei vert overvaka og har ingen fridom, kanskje er dei ikkje klar over at dette er gale eingong. Derfor vert det ei stor informasjonkløft mellom dei og nordmenn, for eksempel, som har kunnskap om rettane til mennesket og har tilgang på den informasjonen dei treng. 


I tillegg kan me sjå i Burma at det vert ei informasjonskløft mellom innbyggjarane og militærjuntaen. Juntaen er fullt klar over kva som skjer i resten av verda og har tilgang på all informasjon, men det har ikkje dei fleste av innbyggjarane. Dei som prøver å gjere motstand mot makthavarane, vert straffa. Juntaen stengjer ute informasjon for eksempel fordi dei er så redde for at innbyggjarane skal få høyre om at opprøyr har ført til endringar i andre land, at befolkninga i Burma skal gjere det same, dei gjer alt for å ikkje miste makta si. Dei som sit med makta er dei som har tilgang på informasjon, dette ser me eit godt eksempel på i Burma(Asbjørnsen m.fl. 120). 


I tillegg har fattigdom noko å seie for informasjonskløfter mellom ulike delar av befolkninga. I Burma er det 32% av befolkninga som lev under fattigdomsgrensa, dette gjer at mange ikkje har råd til å ta utdanning, eller til å betale for internett heime eller på internettcafear("Burma(Myanmar)"). Internetttilgangen er også avgrensa på grunn av straumbrot på grunn av mangel på elektrisitet("Media of Burma"). Det kostar mykje å installere internett, noko som fører til at få personar har tilgang til det når dei vil. 


Likevel er det nokre lyspunkt, det er nokre som klarar å skaffe seg informasjon, som dei eigentleg ikkje skal få gjennom internett, TV og radio. Globaliseringa har ført til at det er veldig vanskeleg å stengje ute informasjon. I tillegg må ein tenkje på at det ikkje alltid er innbyggjarane i Burma som er "taparane" i informasjonskløfta mellom forskjellige folkegrupper. Media i nord har meir makt enn media i sør, dei påverkar mykje fleire, kanskje er ikkje desse media si framstilling av for eksempel Burma heilt sann. Det er berre dei som bur i Burma som veit korleis det er der, sidan det er så lukka. Dei veit mykje som nordmenn kanskje ikkje veit, men her kan bloggarane spele ei viktig rolle for å jamne ut dette skiljet. 


Kjelder:
  • Bilde: "Burma". www.wscfap.org. Lasta ned 10.06.11. http://www.wscfap.org/nationalmovements/overview/myanmar.html
  • Bilde: "Ethiopia: Media Jamming and the contitution". friendsofethiopia.blogspot.com. Lasta ned 10.06.11. http://friendsofethiopia.blogspot.com/2010/07/ethiopia-media-jamming-and-constitution.html
  • "Burma(Myanmar)".www.globalis.no. Lasta ned 10.06.11. http://www.globalis.no/Land/Burma-Myanmar
  • "East & South-East Asia: Burma". www.cia.gov. 26.05.11. Lasta ned 10.06.11. https://www.cia.gov/library/publications/the-world-factbook/geos/bm.html
  • "Internet Enemies Burma". en.rsf.org. Lasta ned 10.06.11. http://en.rsf.org/internet-enemie-burma,39754.html
  • "Media of Burma".en.wikipedia.org. 16.03.11. Lasta ned 10.06.11. http://en.wikipedia.org/wiki/Media_of_Burma