Informasjonskløft

Definisjonen av informasjonskløft er "skiljet som fins mellom to eller fleire folkegrupper eller sosiale lag med bakgrunn i at den eine gruppa veit noko den andre gruppa ikkje veit, og som gir den første gruppa eit fortrinn i forhold til den andre."(Asbjørnsen m.fl. 120). 














Men kvifor oppstår desse skiljene? I samfunnet er det ein tendens til opphoping av goder hjå visse grupper, i staden for at dei vert likt fordelte, noko som fører til at dei som har mykje frå før, skaffar seg lettare enn andre enda meir goder. Eit eksempel på dette er om ein er flink på skulen, så er det lettare å få ei god utdanning, og har ein ei god utdanning er det større sjanse for å få ein godt betalt jobb. Dette fører igjen til at ein kanskje får det materielt betre (Asbjørnsen m.fl. 51). Eit anna eksempel kan vere: om ein har høgskule eller univesitets utdanning har ein god kunnskap om korleis ein skal tileigne seg best mogleg kunnskap, og korleis infomasjon som ikkje er god nok, ein har også kanskje meir kunnskap om ulike ord og uttrykk som gjer at ein forstår betre det ein les på for eksempel internet. Dette fører til at desse personane slik får eit betre grunnlag til å delta i samfunnsdebatten, fordi dei har meir kunnskap enn dei utan utdanning. 


I vår tid handlar skiljet ofte om kven som har tilgang til og kan bruke internett, dagens viktigaste informasjonskanal, til å skaffe seg informasjon. Her går ofte skiljet mellom unge og eldre. Dette vert kalla eit digitalt skilje. ("Informasjonskløft"). 


"Mediebruk kan forsterke sosiale skiljer eller ulikheitar mellom folkegrupper - altså skape informasjonskløfter."( "Informasjonskløft"). I verda er det ei skeiv maktfordeling i media, dette kan vere med på å skape informasjonskløfter mellom land. Det viser seg at media frå vesten eller dei nordlege landa, er dei som har mest makt i verda, dei har eit stort publikum og påverkar veldig mange. Deira framstilling av ulike saker speler ei stor rolle for korleis verda oppfattar desse ulike sakene. I verda fins det ulike typar mediesystem, som seier noko om den rolla og fridomen media har i landet, dette vert og kalla medieideologiar. Desse kan du lese meir om her


Konsekvensar av ei langvarig informasjonskløft kan vere at enkelte grupper i samfunnet vert ekskluderte, og får ikkje moglegheit til å delta i samfunnsdebatten fordi dei ikkje har nok kunnskapsgrunnlag til å delta. Dette er ein trussel mot demokratiet, som er heilt avhengig av at flest mogleg deltar i samfunnsdebatten("Informasjonskløft"). 


Kjelder:

  • Asbjørnsen, Dag, Gunn Bjørnsen, Veslemøy Kjendsli, Trude Løvskar og Geir Totland. Mediemøte 2. 1.utg. Aschenhoug 2007.
  • Bilde: "Informasjonskløft". Lasta ned 10.06.11. http://superdupershery.blogg.no/1302504613_informasjonsklft.html 
  • "Informasjonskløft". Wikipedia.no. 09.06.11. Lasta ned 10.06.11.http://no.wikipedia.org/wiki/Informasjonskløft 
  • Ødegård, Siri, Inger Hobæk. Mediekommunikasjon 2. 1.utg. GAN Aschehoug. Oslo: 2008