Medieideologiar

"Medieideologi eller mediesystem viser grada av ytringsfridom, og den moglegheita som fins for fri flyt av informasjon."(Ødegård og Hobæk 391).

Me har fire typar medieideologiar: den autoritære, den liberalistiske, den sosialt ansvarlege og den diktatoriske.

Den autoritære:
Pressa har som oppgåve å støtte staten, og dei som sit med makta. Styresmaktene kontrollerer media med sensur og bruker pressa som sin reiskap(Asbjørnsen m.fl 157). "Det er ei uinnskrenka kongemakt og nokre få som forvaltar "sanninga" og bodskapane til media"(Ødegård og Hobæk 392). Teorien har utgangspunktet sitt i det kongelege eineveldet i tidligare tider, og det er framleis eit vanleg mediesystem i delar av verda.

Den liberalistiske:
I eit slikt mediesystem har media total fridom. "Pressa skal informere, underhalde og selje, men også overvake styresmaktene, og ta vare på behova til kvar enkelt overfor samfunnet."(Asbjørnsen m.fl. 157). Marknaden skal styre alle samfunnsområde, og staten skal leggje til rette for at dette kan skje. Det er fri konkurranse mellom bedriftene, og dette fører til at innbyggjarane vert sett på som forbrukarar, og det som lønner seg er det som vert publisert. (Ødegård og Hobæk 436). 

Den sosialt ansvarlege:
I dette systemet fins det ein statleg mediepolitikk som har lover og reglar som bestemmer rammene for media. Det viktigaste prinsippet er ytringsfridomen(Ødegård og Hobæk 392). "Samfunnet tek ansvar for å utvikle media til det beste for fellesskapet. Føremålet er å skape eit godt demokratisk samfunn."(Ødegård og Hobæk 435). Dei vil at innbyggjarane skal få kunnskap om kultur og samfunn, og ut ifrå dette vere i stand til å ta eigne val og vurderingar. 

Den diktatoriske:
Staten eig og kontrollerer media. Staten gir uttrykk for at befolkninga har full fridom, sjølv om ytringsfridomen og pressefridomen ofte er nærmast ikkje-eksisterande(Ødegård og Hobæk 392). Det som kjem ut i media er kontrollert av makthavarane, ofte er det dei som lager informasjonen, anten han er sann eller ikkje. 

Desse ideologiane er med på å bestemme korleis informasjon innbyggjarane i eit land får. I dei landa der staten er med på å kontrollere kva saker media skal setje på dagsorden, og kva dei skal innehalde, så får ikkje innbyggjarane alltid den informasjonen som er sann, eller som dei burde få. I nokre statar er det også slik at staten sensurerer internett eller stengjer det av, noko som igjen fører til at innbyggjarane kanskje får lite informasjon om verda rundt, og ikkje har moglegheit til å skaffe seg informasjon på lik linje med dei som kan bruke internett når dei vil. Dette er med på å skape informasjonskløfter mellom ulike land og folkegrupper. 

Kjelder:
  • Asbjørnsen, Dag, Gunn Bjørnsen, Veslemøy Kjendsli, Trude Løvskar, Geir Totland. Mediemøte 2. 1.utg. Aschehoug 2007. 
  • Ødegård, Siri, Inger Hobæk. Mediekommunikasjon 2. 1.utg. GAN Aschehoug. Oslo: 2008.