Noreg

Verdsdel: Europa
Hovudstad: Oslo
Innbyggjartal: 4,9 mill
Styresett: Konstitusjonelt monarki
Religion: Kristendom 83,7%, Islam ca 1,5%, Andre 1%, Human-Etisk forbund 1,3%, Ingen 5%







Noreg har ein nedarva monark som statsoverhovud. Styresettet er kombinert med eit representativt demokrati, der det er statsministaren, som er valgt av folket, som faktisk styrer landet. Landet har eit parlamentarisk regjeringssytem, som vil seie at makta er fordelt mellom Regjeringen(statsministar og minst sju andre statsrådar som vert valgt av kongen), Stortinget og Domsstolen.


Mediesystem:
Ein kan seie at Noreg har eit mediesystem som er ei blanding mellom den sosialt ansvarlege og den liberalistiske medieideologien. Media er frie, dei kan i prinsippet trykkje og publisere det dei måtte ynskje. Men Noreg har óg ein statleg mediepolitikk med lovverk som dannar ei ramme for media. Det viktigaste prinsippet er ytringsfridomen. Media har blant anna Ver Varsam-plakaten, som er dei etiske normene for pressa. Her står det om den rolla som media har og skal utfylle i samfunnet, det står og retningslinjer for kva media må passe på når dei lagar ei sak og publiserer den. Du kan lese meir av den her. Staten har laga desse normene for å utvikle media til det beste for fellesskapet. Media skal vere kritiske til dei som har makt, til korleis dei sjølve fyller rolla si, i tillegg skal dei beskytte svake grupper i samfunnet, la ulike syn komme fram, verne enkeltmenneske og informere om det som skjer i samfunnet("Vær Varsom-Plakaten").










Noreg ligg på førsteplass, saman med nokre andre land, på pressefridomsindeksen til Reporters Without Borders. Pressefridomen vart nedfelt i Noregs Grunnlov i 1814. For at ein stat skal vere eit demokrati må den ha pressefridom og ytringsfridom. Befolkninga må ha moglegheit til å seie og meine kva dei vil, og jounalistane kan skrive meininga si, og la andre få ytre meininga si gjennom media. Media skal og komme med sanninga til folket, og informere om det som skjer både nasjonalt og internasjonalt.

Staten kjem med økonomiske støtteordningar, som pressestøtte, til dei minste avisene. Dette er for å hindre avisdød og å sikre konkurranse. Dei vil sikre eit mangfald i medietilbodet og slik prøve å jamne ut kulturelle og sosiale forskjellar hjå innbyggjarane. (Ødegård og Hobæk 435).
I Noreg er det ei blanding av offentlege kanalar og kommersielle kanalar. Dei offentlege kanalane er lisensfinanisierte og har eit krav til eit variert innhald. I Noreg er det NRK som er den største offentlege kanalen, både på TV og på radio. Dei kommersielle kanalane er reklamefinansierte, den mest dominerande i Noreg er TV2. ("Media of Norway").


På Globalis.no står det at Noreg har 63 datamaskiner i bruk per 100 innbyggjar og at det er 82,6 internettbrukarar per 100 innbyggjar. Dette er ganske bra samanlikna med Burma eller Kongo. Noreg er eit velståande land og dei fleste kan skaffe seg ei datamaskin om dei vil det. Internettilgangen har blitt godt utvikla dei siste åra, og dei som vil kan koble seg på internett. Ein kan lett få tak i informasjon om heile verda, og staten driv ikkje med sensurering. Nordmenn er slik sett "vinnarane" i forhold til den informasjonskløfta det er mellom oss og menneske som bur i for eksempel Burma. I læreplanane i skulen står det no at alle elevar har rett på opplæring og bruk av data og internett i skulen, det har vorte ein del av undervisninga. 


Gjennom å gi fri tilgang på det meste av informasjon er styresmaktene med på å jamne informasjonskløftene i Noreg. Likevel fins det informasjonskløfter i landet. Det fins menneske som ikkje har råd til å skaffe seg datamaskin og internett. Dei eldre, ein stor prosentdel av befolkninga, har lite kunnskap om bruk av data og internett, og føler kanskje ikkje at dei har bruk for det. Andre syns det er vanskeleg å vite korleis ein skal tileigne seg informasjon, kanskje dei ikkje har tatt utdanning. Slik ser ein at det er store informasjonskløfter i Noreg, men prosentvis og totalt sett har Noreg mykje meir kunnskap og tilgang til infomasjon enn mange andre land i verda. Alle som vil og har moglegheit til det, kan få tilgang til internett og slik få oppdatert informasjon, som ikkje er sensurert eller kontrollert av myndigheitene.


Kjelder:
  • Bilde: "Norge". web-reolen.no. Lasta ned 10.06.11. http://www.web-reolen.dk/lande/Norge.htm
  • "Konstitusjonelt monarki". no.wikipedia.org. 10.05.11. Lasta ned 10.06.11. http://no.wikipedia.org/wiki/Konstitusjonelt_monarki
  • "Media of Norway". en.Wikipedia.org. 29.05.11. Lasta ned 10.06.11. http://en.wikipedia.org/wiki/Media_of_Norway
  • "Norge". no.Wikipedia.org. 02.06.11. Lasta ned 10.06.11. http://no.wikipedia.org/wiki/Norge
  • "Press Freedom Index 2010". en.rsf.org. Lasta ned 10.06.11. http://en.rsf.org/press-freedom-index-2010,1034.html
  • "Statistikk over Norge"Globalis.no. Lasta ned 10.06.11. http://www.globalis.no/Land/Norge/(show)/indicators
  • "Vær Varson-plakaten". Presse.no. 09.08.06. Lasta ned 10.06.11. http://presse.no/Pressens_Faglige_Utvalg_PFU/Var_Varsom-plakaten/
  • Ødegård, Siri, Inger Hobæk. Mediekommunikasjon 2. 1.utg. GAN Aschehoug. Oslo: 2008